I det daglege prøvar vi også å bruke mindre produkt som er ultraprosesserte. Enkelte dagar serverer vi også havregrynsgraut til frukost. Vi prøvar å servere eit varmt måltid ein gong i veka, her likar vi å bruke reine råvarer, som td fisk, kjøt med ulike grønsaker. Vi har hatt kurs med «Fiskesprell» der personale fekk mykje inspirasjon til å lage god mat til barn av fisk. Døme på populære måltid er: «skattekiste» ( som er fisk med grønsaker i folie) eller grønnsaksuppe, begge laga på bål. Suppene har vi som tradisjon å lage frå botn, vi er også så heldig at vi har foreldre som forsyner oss både med grønsaker og kjøt. I haust har vi både fått hjortekjøt, krabbe og ulike grønsaker som barna har fått smake på i ulike matrettar td rødbetvaffler og squashkaker. I rammeplan står det: « Måltid og matlaging i barnehagen skal gi barna eit grunnlag for å utvikle matglede og sunne helsevaner.» Rpl 17
Ved bursdagsfeiring får barna velje mellom ulike sunne alternativ som td, smoothie og pastasalat .