Visjon

Ute i det fri kjem barna på gli

Visjon til Utigarden tilseier at vi er mykje ute. Vi har ei stor naturtomt, med kupert terreng, busker, tre og steiner.  Naturen gir utfordringar og gir eit mangfald av muligheter. Vi er ute det meste av dagen, og nyter godt  av det flotte området både innafor og utanfor gjerdet. Vi har få standariserte leikeappart, så barna får bruke naturen kreativt i leiken.  Ute får barna ro og leike i ei atmosfære med naturen sine lukter, lyder og stemningar. Om veret er dårleg kan vi trekke inn i grillhytta, hytta i skogen eller Grindbygget på Grevlingområdet. Der kan vi lage mat som varmer. Vi legg opp til det meste av aktivieter utandørs, men sjølvsagt vil  dei yngste vere ute i kortare periodar på dei kaldaste og våtaste dagane. Det er viktig at alle har godt med kle og godt  utstyr som er eigna for lange dagar ute til alle årstider.