Praktisk informasjon

Praktisk info

  • Opningstider

Barnehagen er open frå 07.00 – 16.30.

 

  • Måltid

Barna får alle måltid servert i barnehagen. Frokost startar ca 08.00, om barnet ditt vil ha frokost, så ser vi helst barnet er levert før 08.00

 

  • Kjernetid

Begge avdelingane prøver å avslutte frukosten ca 08.30 og gå til morgensamling ca kl 08.45.

Kjernetida vare fram til fruktmåltidet ca kl 14.00.

 

Soving

Alle som skal sove i barnehagen tek meg eiga vogn, pose, myggnetting, regntrekk og seler. Vi har eigen sovevakt i barnehagen som passer barna når dei søv.

 

  • Bursdagsfeiring

I barnehagen feirar vi barnet sin bursdag med bursdagssamling og god varmmat til lunsj.  

 

  • Dugnad

Det er to dugnader kvart år, ein om hausten og ein om våren. Dugnadsleiarar blir valt på foreldremøtet om hausten. Alle med barnehageplass i Utigarden forpliktar seg til å stille opp på minimum ein dugnad i året.

 

  • Foreldremøte

Det er to foreldremøte kvart barnehageår, eit om hausten (ca september) og eit om våren (ca mai)

 

  • Kosthald

Vi er opptatt av eit sunt og variert kosthald i barnehagen og følgjer råd og retningslinjer frå Helsedirektoratet.  Vi baker grovbrød kvar dag til lunsj og vi prøver å få til et varmmåltid i veka. Personalet har fått mykje inspirasjon på fiskesprell kurs, og serverer no meir fisk enn tidlegare.

 

  • Ferie

Barnehagen er stengt 3 veker om sommaren. Den fjerde ferieveka er jul/påske. Barnehagen er stengt frå og med julaftan til og med første nyttårsdag og i påskeveka mellom palmesøndag og andre påskedag.

 

  • Forsikring

Barna i barnehagen er forsikra med kollektiv barneulykkesforsikring hos Gjensidige . Dette er ei heltidsforsikring, det betyr at barna også er forsikra utanom barnehagetida.

 

  • SU

Barnehagen skal ha eit samarbeidsutval som er sett saman av representantar frå dei tilsette, frå føresette og frå eigarar. Samarbeidsutvalet utnemnast på foreldremøtet om hausten. Samarbeidsutvalet består gjerne barnehagen når arrangement eller dugnader skal planleggast og årsplan skal godkjennast.  Samarbeidsutvalet er et viktig talerør for dei føresette ,det er  viktig å plukke opp ris og ros og bringe dette vidare til barnehagen.

 

  • Sjuke barn

Barnehagen følgjar og vidareformidlar til einkvar tid retningslinjer gitt av Folkehelseinstituttet og frå helsestasjon.