Skidag i Engesetdalen

Vi har som tradisjon å ta med førskulegruppa på skidag til Engesethdalen.

I år var alle på Grevlingen fra 3 til 6 år så heldige å få vere med. Vi tok maxitaxi til lysløypa og gjekk derifrå med ski og sekk. Alle imponerte stort både med pågangsmot, uthaldenheit og ferdigheiter. Vi hadde base i bakken med skileik, der vi kosa oss med å stå på ski, ake og grille pølser. Før vi reiste heim fekk alle ein velfortjent premie for flott innsats.

I rammplan for Barnehagar står det " 

"Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna • opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt  samt• vidareutviklar motoriske ferdigheiter, kroppskontroll, koordinasjon og fysiske eigenskapar • opplever å vurdere og meistre risikofylt leik gjennom kroppslege utfordringar." (Rpl -17)