Grevlingane er veldig glade i å vere ute og går ofte ut rett etter frokost for å tilbringe dagen i skogen på uteområdet til barnehagen, på området til skulen, i ballbingen eller på tur i nærområdet. Om det blir kaldt og surt, så har dei Hobbithytte på skuleområdet dei kan bruke til bordaktivetar og måltid.
Vi har førskuleklubb for dei eldste ein gong i veka, og skulebesøk på skulen ein gong i månaden. Skulebesøk er særs kjekt då det berre er ei dør mellom skule og barnehage. Fleire gongar i månaden så er det felles leik med skuleungane, dette brukar å vere populært, og dei blir tryggare til skulestart.