Søke barnehageplass

Vi har samordna opptak med Haram kommune. Det betyr at du søker om barnehageplass på kommunen sin søknadsportal uavhengig av kva for ein barnehage du ønskjer plass i. Søknadsfristen er 1. mars. Søke om plass kan du gjere her: https://haram.ist-asp.com

Kriterier for opptak 

Det er styrar som føretek opptak av barn. Barn som får tildelt fast plass, treng ein ikkje å søke for seinare. Det må leverast skriftleg melding innan fristar fastsett i barnehagen sine vedtekter, og som det vert varsla skriftleg om, dersom plassen ikkje vil behaldast for kommande år. 

Kriterier for opptak 

  • Barn med nedsatt funksjonsevne, i samsvar med §13 i barnehagelova, og barn som det er fatta vedtak om etter lov om barneverntenester, §4-12 og §4-4, andre og fjerde ledd.
  • Inntil 2 øyremerka plasser til barn av tilsette, tildelt etter nærare vurdering.
  • Søsken til barn som har plass i barnehagen 
  • Omsyn til aldersammensetninga til barn og sikre forsvarleg drift, står to søknader likt, skal søknadsdatoen vere avgjerande