Vedtekter for Utigarden Barnehage

VEDTEKTER FOR UTIGARDEN BARNEHAGE AS

  1. Utigarden barnehage AS er ein privat friluftsbarnehage. Den har tilknytning til gnr. 8, br.nr.1 på Slyngstad.

 

  1. Barnehagen blir dreven i samsvar med Lov om barnehagar og forskrifter til loven, rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver, og dei forskrifter og retningslinjer departementet fastlegg.

 

  1. Rettledande norm for inneareal per barn er 3m2 for barn over tre år og 5,3m2 for barn under tre år. Godkjent areal er 144,3m2.

 

  1. Ved hovudopptak skjer behandling av søknadane i samarbeid med kommuna der einingsleiar har ansvaret for eit samordna opptak for kommunale og private barnehagar. Ellers i året blir det gjort supplerande opptak ut fra barnehagen sine rammefaktorar. Barnet har ved opptak plass fram til det året dei startar på skulen.

Følgjande prioritering gjeld ved opptak i Utigarden barnehage AS:

  1. Barn med nedsett funksjonsevne, i samsvar med § 13 i barnehagelova, og barn som det er fatta vedtak om etter lov om barneverntenester, §4-12 og §4-4, andre og fjerde ledd.
  2. Inntil 2 øyremerka plassar til barn av tilsette, tildelt etter nærare vurdering.
  3. Søsken til barn som har plass i barnehagen.
  4. Omsyn til alderssamansetninga til barna og sikre forsvarleg drift.

Står to søknadar likt, skal søknadsdatoen vere avgjerande.

 

  1. Det er ein månad oppsigelsestid på ein barnehageplass, regna fra 1. eller 15. i månaden.  Dersom barnehageplassen blir oppsagt etter 1. mars, må det betalast ut barnehageåret. Om barnet skal seie opp plassen sin med slutt etter 1.mai eller seinare må det betalast ut barnehageåret.

 

  1. Foreldrebetalinga setjast etter offentlege fastsette satsar. Det skal innbetalast 1 gang per månad i 11 månader per år (f.o.m. 1.august til 1.juli). Ved manglande betaling kan plassen til barnet bli oppsagt.

 

  1. Barnehagen er åpen mandag til fredag frå klokka 07.00 till klokka 16.30.

 

  1. Barnehagen er stengd:

 

  • Laurdagar
  • Heilagdagar og offentlege høgtidsdagar
  • 5 planleggingsdagar per år
  • 3 veker om sommaren
  • Juleferie f.o.m.  24.desember t.o.m. 1.januar
  • Påskeferie f.o.m. palmehelga t.o.m. 2.påskedag
  • På dagar med påmelding må vi ha minst 3 påmelde for å halde open barnhage.

 

  1. Styrar i barnehagen har ansvar for at krav til internkontrollrutiner blir fulgt opp.

 

  1. Barnehagen skal ha eit samarbeidsutval som består av foreldre/føresette, tilsette i barnehagen og eigarane. Det skal vere ein representant frå kvar gruppe, i tillegg til vararepresentantar.

 

  1. Foreldre/føresette som nyttar r seg av barnehageplass, pliktar å delta på minst 1 dugnad i året, arrangert av barnehagen og samarbeidsutvalet.

 

Vedtektene er godkjent av eigarstyret i Utigarden Barnehage AS,

 

 

_____________________________________________________________________________________________

Lisbeth Farstad,                                                                 Linde Bredesen Slyngstad

styrer                                                                                     styreleiar