Marihøna

«Marihøna er avdelinga for dei yngste barna. Her har vi spesielt fokus på å skape ei trygg og rolig atmosfære for dei minste.

Hovudfokuset på avdelinga er omsorg og leik, og i tråd med rammeplan arbeidar vi med tema som bidreg til dette. I år har tema vore Hakkebakkeskogen, eit kjekt og allsidig tema som vi har brukt knytt til tur, matlaging, forming, song og eventyrforteljing. Vi har mykje gruppedeling og har dei fleste aktivitetar i små grupper, dette gjer at det blir meir ro rundt aktivitetane. På marihøna er vi veldig glade i å være ute, vi har eit kjekt og variert naturområde som inspirerar til mykje leik og aktivitet. Vi har også fleire kjekke turmål nært barnehagen som vi nyttar oss ofte av. Marihøna har våren 2023 13 barn, 11 som er fødd 2020, 1 som er fødd 2021 og 1 som er fødd 2022. Vi er fem vaksne på avdelinga.»