Vi har også til gong til uteområdet til skulen, der det både er dissestativ, ballbinge, bålområdet og flott området for sykling. På flyttelasset så har vi teke med oss det store fokus på friluftsliv og leik ute. Vi går ofte ut rett etter frokost og om kleda tillet det så er vi ute heile dagen.
I Utigarden Barnehage har vi vore oppteken av eit sunt og variert kosthald i mange år, og vi følgjer råd og retningslinjer frå helsedirektoratet Vi har som tradisjon og servere grove heimebaka brød kvar dag, både til frukost og lunsj, barna får også servert frukt og grønnsaker til alle måltid . I det daglege prøvar vi også å bruke mindre av produkt som er ultraprosesserte. Enkelte dagar serverer vi også havregrynsgraut til frukost.
Her ser vi squash kaker, laga av squash dyrka fram lokat, smoothie og heimelaga rundstykker.