Det er fantastisk å sjå meistringkjensla når barna kjenner at dei meistrar å gå på ski. Vi har eit flott område for skigåing på skuleplassen, her får barna utfolde seg i både flatt og litt kupert terreng. Skuleområdet er kjempefint å bruk no på vinteren, der det både er store og små bakker barna kan ake i. Det har også vore kjekt å leike ilag med skuleungane når dei har friminutt, vi ser at både barnehageungane og skuleungane set pris på å vere ilag. I rammplan for barnehagar står det:
"Gjennom arbeid med kropp, bevegelse, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna videreutvikler motoriske ferdigheter, kroppsbeherskelse, koordinasjon og fysiske egenskaper" (Rpl 17)