Uteområde

Utigarden har eit flott uteområdet både sommar og vinter. Det er godt med tre som gir både skygge om sommaren, muligheiter både til å gøyme seg litt unna og å klatre for dei som ynskjer det. Det er utan leikestativ, så barna får bruke fantasien til å utforme sin eigen leikeplass.

 

Vi har fleire områder som vi brukar, det er området rundt Grevlingen, der det er ein fantastisk fin akebakke på vinteren, og ei sykkebane.

Der finns eit Grindbygg som blir mykje brukt heile året, der har vi bord og benkar, som blir brukt til bordaktiviteter, matserving og leik. Der er innstallert varmlamper i taket, for å halde varmen på kalde dagar

Bålområdet blir ofte brukt til matlaging, der blir maten laga på bålpanne eller på grua, barna syns også dette området er spennande med tre og steiner dei kan klatre på.