Jonsokfeiring

I Utigarden er det fast tradisjon å ferie jonsok, dette blir feira kvart år.

Tradisjon tidlegare har vore å gå i fantetog opp til Slyngstadbygda med rømmegraut til lunsj i barnehagen. Dette endra vi på i år, då det er auke trafikk langs vegen opp til krysset. I år gjekk vi i fantetog ned til fjøra, der  unga fekk bråke så mykje dei kunne med instrumta laga eit lite jonsokbål og grill pølser. Ungane kosa seg med å klatre i tre, på steina og leita etter krabbe og ikkje minst, lage mykje bråk med instrumenter i fantetoget ned til fjøra. 

Rammeplan for barnehager skriv: 

"Barnehagen skal bidra til kunnskap om og erfaring med lokale tradisjonar, samfunnsinstitusjonar og yrke, slik at barna kan oppleve tilhøyrsle til nær­miljøet. Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna, blir kjende med ulike tradisjonar, levemåtar og familieformer" (Rpl 17)